Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Draken Fåvne, jotnane Æge og Rån og draugen frå våre heimlege eventyr gir nå namn til fjerne stjerner og planetar. Det har Den internasjonale astronomiske union bestemt.
npk@npk.no
Publisert: 16.12.2015 kl 13:28
Nye namn på 14 fjerne stjerner og 31 planetar i andre solsystem er valt etter ein namnekonkurranse, melder organisasjonen. Dei astronomiske organisasjonane i 45 land har vore med på å foreslå namn, men verken Noreg eller Norden er representert.
Dei nye namna skal erstatte dei tungvinte nemningane som astronomane gir fjerne himmellekamar. Spesielt interessant med norske auge, er eit knippe namn frå nordisk mytologi og folketru.
Stjerna epsilon Erdani og planeten epsilon Eridani b er omdøypte, i britisk språkdrakt, til høvesvis Ran og Aegir. På norsk vil vi kjenne att jotunen Æge, som rår over havet, og kona hans Rån, som fangar sjøfolk i garnet sitt og druknar dei. Forslaga kjem frå USA.
Stjerna 42 Draconis har fått namnet Fafnir, i Noreg betre kjent frå sagaene som Fåvne, draken som volsungen Sigurd drap. Også dette namnet er eit amerikansk forslag.
Eit norrønt namn finst også i det mest illevarslande solsystemet av dei alle: Rundt ein pulsar som har fått namnet Lich, namngitt etter levande døde frå fantastisk litteratur, kretsar nemleg planeten Draugr. Han har selskap av klodane Phobetor og Poltergeist, namn foreslått av italienske astronomar. (©NPK)