NORSAR: Nordkoreansk bombe med same kraft som Hiroshima-bomba

(NPK-NTB): Krafta i Nord-Koreas prøvesprenging svarte til cirka 10 kilotonn TNT, anslår NORSAR. Det kan samanliknast med atombombene som blei sleppte over Hiroshima og Nagasaki i 1945.

Det seismologiske observatoriet har også berekna nøyaktig kvar den underjordiske kjernefysiske prøvesprenginga i Nord-Korea fann stad. Ifølgje observatoriet kan dette ha betydning for å forstå kva slags sprenging som blei gjort.

– Dataa vi no har henta inn frå det verdsomspennande nettverket av seismiske stasjonar viser kvar prøvesprenginga fann stad. Sprenginga blei gjort i det same fjellmassivet som tidlegare, men denne gongen tre hundre meter lenger opp i fjellområdet, seier NORSAR-sjef Anne Lycke.

NORSAR kan ikkje seie om det var ei hydrogenbombe.

– Eventuelle framtidige observasjonar av radioaktiv lekkasje til atmosfæren kan bidra til svar på dette spørsmålet, skriv observatoriet.

Ifølgje Lycke er eksplosjonen i same storleikskategori og liknar på dei andre sprengingane Nord-Korea gjennomførte i oktober 2006, i mai 2009 og i februar 2013.

Fat Man som blei sprengt over Nagasaki hadde ein styrke på 21 kilotonn, medan Little Boy som blei sleppt over Hiroshima var mellom 13 og 16 kilotonn. (©NPK) (©NPK)

Annonse