Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Flyselskapet Norse Atlantic Airways har fått løyve av amerikanske transportstyresmakter til å starte flygingar mellom Europa og USA.
vaktsjef@ntb.no/peder.skjelten@npk.no
Publisert: 14.01.2022 kl 19:44
Selskapet planlegg å starte flygingar frå Oslo til USA i løpet av våren.
– Denne viktige milepælen fører oss eitt steg nærare lansering og vil bidra til fleire arbeidsplassar i luftfarten og reiselivsnæringa på begge sider av Atlanteren. Ikkje minst vil det bidra til verdiskaping som følgje av auka reiseaktivitet, seier konsernsjef og grunnleggjar Bjørn Tore Larsen i Norse i ei pressemelding.
I desember fekk Norse driftsløyve frå Luftfartstilsynet i Noreg og fekk det første flyet sitt av typen Boeing 787–9 Dreamliner.
Selskapet vart etablert i mars i fjor og vil konkurrere innan lågprissegmentet på langdistanseflygingar etter at Norwegian i fjor bestemde seg for å berre satse på Europa.
I tillegg til konsernsjef Larsen har dei mellom anna Norwegian-veteranane Bjørn Kjos og Bjørn Kise på eigarsida.
(©NPK)
Konsernsjef Bjørn Tore Larsen i det nyoppretta flyselskapet Norse Atlantic Airways fekk i desember i fjor levert det første av i alt 15 Boeing 787–9 Dreamliner. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB