Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Tidlegare talsmann for islamistgruppa Profetens Ummah, Omar Cheblal (49), blei drepen i Irak i fjor, opplyser familien hans.
npk@npk.no
Publisert: 22.01.2016 kl 18:00
Den norsk-algeriske 49-åringen skal ha blitt drepen i nærleiken av Mosul nord i Irak, skriv VG.
Familien reagerer med sorg og ønskjer ikkje kontakt med media, opplyser familien via advokat Trond Olsen Næss til avisa.
Omar Cheblal har i fleire år vore talsmann for islamistgruppa Profetens Ummah i Oslo, men blei i mars 2014 utvist frå landet fordi han var ein trussel mot forsvaret av landet.
I desember offentleggjorde VG eit bilete av 49-åringen der han poserer med automatvåpen framfor eit IS-flagg i Irak.
– Det er ein draum som går i oppfylling, og eg ser på dette som ei gåve frå Allah, uttalte Cheblal den gongen. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.