Norsk basehopper omkom i Sveits

(NPK-NTB): Ein norsk basehopper omkom i ei hoppulykke i Sveits onsdag.

Politiet i Sveits opplyser til avisa Dalane Tidende at Roy Kenneth Roland (33) døydde då han skulle hoppe frå ein stad som kallast High Nose i kommunen Lauterbrunnen.

Roland, som blir skildra som ein svært erfaren basehopper, var saman med fire andre basehopparar då ulykka skjedde.

Årsaka til at nordmannen omkom, er ikkje kjent. Dødsulykka er den siste i fleire som har involvert basehopparar i Lauterbrunnen. (©NPK)

Annonse