Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Norsk Folkehjelp gir regjeringa skryt for at Noreg var først ut med å melde seg som observatør under FN-konferansen om atomvåpenforbod.
anna.nesje@ntb.no/hege.grov@npk.no
Publisert: 23.06.2022 kl 12:56
Det førte til at også Tyskland, Nederland og Belgia, som alle har amerikanske atomvåpen på territoriet sitt, også slutta seg til som observatørar, skriv Norsk Folkehjelp i ei pressemelding torsdag.
Sjølv om Norsk Folkehjelp meiner at Noreg bør underteikne og ratifisere forbodstraktaten, gir dei regjeringa skryt for at ho er først ut i Nato til å melde seg som observatør til statspartsmøtet.
Sjølv om dei fire Nato-landa alle saman understreka at dei ikkje vil underteikne og ratifisere forbodstraktaten fordi Nato byggjer tryggleiken sin på atomvåpen, sa dei at dei ønskjer samarbeid med landa bak forbodstraktaten.
Natos offisielle linje – som også Noreg har slutta seg til – er likevel at alliansen er mot forbodstraktaten fordi han strir mot Natos atomavskrekking. Nato har fleire gonger erklært at Nato vil halde fram med å vere ein atomvåpenallianse så lenge atomvåpen eksisterer.
(©NPK)
Generalsekretær i Norsk Folkehjelp Henriette Westhrin gir regjeringa skryt for at ho var først ut i Nato til å melde seg som observatør til statspartsmøtet for FN-traktaten som forbyr atomvåpen. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB