Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Norges idrettsforbund har fleire gonger bede styresmaktene om å ikkje ta av tippemidlane for å finansiere idrettsavtalen mellom Noreg og Kina – utan å bli høyrt.
stian.grythaugen@ntb.no/hakon@npk.no
Publisert: 14.02.2020 kl 12:37
Idrettspresident Berit Kjøll sa onsdag til TV 2 at styret i Norges idrettsforbund (NIF) er samla i synet på at bruk av spelemidlar frå Norsk Tipping er innanfor definisjonen av «idrettslige formål» når dei blir brukte til å finansiere idrettsavtalen mellom Noreg og Kina inngått i 2017.
Under denne avtalen har mellom anna 200 kinesiske utøvarar innan fleire idrettar fått kome til Noreg for å trene, og fleire norske idrettsprofilar har vore engasjerte på trenarsida.
Den norske regjeringa har vedtatt at 3,2 millionar kroner av spelemidla frå Norsk Tipping skal brukast til å finansiere avtalen, som mellom anna har som formål å hjelpe kinesiske utøvarar før OL på heimebane i 2022.
Når idrettspresidenten seier at styret stiller seg lojalt bak denne avgjerda, er det etter fleire førespurnader til norske politikarar med bønn om at desse pengane heller blir tatt av budsjetta til fagdepartementa og ikkje av midlar som er øyremerkte norsk idrett.
I oktober 2019 sende NIF eit høyringsnotat til Stortingets utanriks- og forsvarskomité med denne oppmodinga:
«Norges idrettsforbund ber komiteen fremme et prinsipielt forslag om at når frivillige organisasjoner bidrar i det utenrikspolitiske arbeidet på vegne av regjeringen skal det finansieres over fagdepartementenes budsjett og ikke over spillemidler eller andre tilskudd beregnet på organisasjonens formål i Norge.»
Det er på det reine at ønsket til NIF om korleis Kina-avtalen bør finansierast, ikkje er tatt til følgje. I eit skriftleg notat til NTB om bruk av spelemidlar til dette formålet skriv Kjøll:
«I tidligere dialog med departementet ble det klart at dette var måten myndighetene ønsket å finansiere NIFs oppfølging av Kina-samarbeidet på. Det forholder vi oss til».
Idrettspresidenten grunngir dette mellom anna med at eit nei frå idretten til å bruke spelemidlar ville innebere at norsk idrett ikkje kunne halde oppe engasjementet sitt i avtalen.
«Det mener jeg ville hatt betydelige negative konsekvenser for avtalen og for norsk idrett», skriv Kjøll.
Kultur- og idrettsminister Abid Raja (V) har tidlegare sagt til TV 2 at han meiner det er eit lite bidrag å bruke 3,2 millionar kroner for å fremje langrennssporten i Kina og forsvarer bruken av midlane frå Norsk Tipping.
Dette har opposisjonen på Stortinget reagert på.
– Eg synest dette er heilt uhøyrt. For det første synest eg måten som idretten er blanda inn i eit storpolitisk spel bak ryggen deira, er heilt uhøyrt. Også det at ein skal bruke idrettspengar på å sponse jakta til kinesarane på OL-medaljar, er fullstendig uhøyrt, seier Sigbjørn Gjelsvik frå Senterpartiet.
Aps Trond Giske har sendt eit skriftleg spørsmål til Raja der han bed om svar på bruken av midlar frå Norsk Tipping for å finansiere Kina-avtalen.
(©NPK)
Idrettspresident Berit Kjøll seier ho held seg lojalt til bruk av tippemidlar for å finansiere idrettsavtalen mellom Noreg og Kina. Her i møte med kultur- og likestillingsminister Abid Raja måndag. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix