Annonse

Norsk idrett søkjer om 795 millionar kroner neste år

Norges idrettsforbund søkjer om 795 millionar frå tippemidlane for 2022. Koronapandemien er årsaka til auken på 6 prosent.

For 2021 var talet 750 millionar. Idrettspresident Berit Kjøll har stor tru på at idretten får tildelt det som er søkt om.

– Vi har ingen signal på at ikkje tippemidlane blir haldne på det nivået vi tenkjer ossl. Tvert imot opplever vi ein sterk vilje til å bidra til å leggje inn endå meir midlar i potten for å sikre at idretten kjem tilbake der vi skal vere, sa Kjøll på eit pressemøte tysdag.

Generalsekretær Nils Einar Aas la fram søknaden og forklarte at koronapandemien har gjort situasjonen spesiell, og at idretten bør forvente ein større vekst i 2022.

Søknaden blir send til Kulturdepartementet onsdag.

(©NPK)

Idrettspresident Berit Kjøll forventar å få søknaden om tippemidlane for 2022 innvilga. Foto: Berit Roald / NTB