Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Isbjørn Is – den tredje største leverandøren av dei kalde godsakene i landet – er selt til Food Union, som har hovudkontor i Latvia. Dei tilsette på Askøy i Hordaland får behalda jobbane sine.
npk@npk.no
Publisert: 05.04.2016 kl 16:02
Isbjørn Is har ein del på 7– 8 prosent av den norske marknaden, der Diplom-Is og Hennig-Olsen er dei største aktørane, men er størst på direktesal gjennom Den Norske Isbilen.
– Food Union vil gå inn som ein aktiv eigar og vil kunna tilføra selskapet både kapital og kompetanse for vidare vekst, seier styreleiar Asbjørn Reinkind i Isbjørn Is i ei pressemelding.
Den nye eigaren ser for seg at selskapet kan bli større, mellom anna når det gjeld småis i sparepakkar i daglegvarebutikkar.
Den norske iskremprodusenten har tilsette i rundt 90 årsverk på Askøy, og ingen misser jobben ved fabrikken, skriv Bergens Tidende.
Food Union har frå før fabrikkar i Latvia, Estland, Hviterussland og Danmark. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.