Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Ny Tid-journalist Øystein Windstad er blant journalistane som onsdag kveld vart angripne og såra i den russiske delrepublikken Ingusjetia, ifølgje redaktøren i avisa, Truls Lie.
npk@npk.no
Publisert: 09.03.2016 kl 19:26
Sist oppdatert: 09.03.2016 kl 19:51
Windstad og tre andre journalistar var på reportasjetur saman med russiske menneskerettsaktivistar da minibussen dei køyrde i, vart stoppa av eit tjuetal væpna menn onsdag kveld.
Mennene angreip og banka opp reisefølgjet, blant dei ein svensk og to russiske journalistar. Angriparane sette òg fyr på bussen.
Alle dei angripne er no på sjukehus, der dei får behandling for skadane.
Utanriksdepartementet stadfestar overfor NTB at dei kjenner til hendinga og jobbar med å undersøkje saka.
– Vi har fått melding frå ein organisasjon som representerer éin eller fleire av dei som var med på turen. Det dei fortel oss, er at det var væpna menn som gjekk til angrep på denne bilen. Dei skal ha vorte tvinga ut og behandla hardhendt. Somme skal ha hamna på sjukehus. Vi veit ikkje meir førebels, men vi jobbar med saka, seier pressevakt i Utanriksdepartementet, Rune Bjåstad.
Windstad og resten av følgjet var på veg mot den tsjetsjenske hovudstaden Groznyj da dei vart angripne. (©NPK)