Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPk-NTB): Ein norsk frilansjournalist er lauslaten og på veg heim til Noreg etter å ha vore fengsla i Tyrkia
npk@npk.no
Publisert: 10.02.2016 kl 11:58
Den 30 år gamle norskkurdaren vart arrestert i Diyarbakir sør i Tyrkia før helga, men vart lauslaten tysdag, opplyser kjenningar av mannen til VG.
Utanriksdepartementet opplyser at dei er kjende med at ein norsk borgar som har vore fengsla i Tyrkia, «skal vere lauslaten».
Lokale medium har skrive at mannen vart arrestert fordi han hadde planar om å ta seg ulovleg inn i Syria, og kalla måten han oppførte seg på mistenkjeleg.
Mannen har den siste tida jobba med ein dokumentarfilm om kvinnelege kurdiske krigarar. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.