Klargjør siden...

Norsk klatrar kjempar for å kome seg ned frå Mount Everest i live

(NPK-NTB): Den norske fjellklatraren Siv Harstad (45) kjempar for å kome seg ned frå Mount Everest i live etter at ho blei snøblind då ho åleine nådde toppen på verdas høgste fjell.

Harstad kom opp på toppen torsdag. Det blei sendt opp ein ekstra klatresherpa, og to av dei mest erfarne nepalske klatrarane hjelpte henne ned til den første leiren, opplyser Harstads kontaktperson Guri Anne Hansen til NRK.

Ifølgje NRK har Harstad framleis fleire tusen meter igjen å klatre ned. Den største utfordringa blir å kome seg over ein 600 meter høg isfoss med fleire bresprekkar og dramatiske formasjonar som stadig er i endring.

– Det er sett ut stigar og tau for å balansere på. Om ho har klart å kome seg over dette terrenget har vi ikkje fått svar på enno, seier Hansen fredag ettermiddag.

Harstad, som er frå Møre og Romsdal, er den første norske kvinna som har klatra åleine opp Mount Everest frå sør. (©NPK)

Annonse