Klargjør siden...

Norsk milliardærfamilie fekk hjelp til skatteparadis-verksemd

(NPK-NTB): Sidan 1990-talet har advokatfirmaet Mossack Fonseca i Panama hjelpt den norske milliardærfamilien Høegh med å opprette 42 postboksselskap på Dei britiske jomfruøyane, ifølgje Aftenposten.

Familien Høegh er den største kunden med tilknyting til Noreg i dokumenta frå Mossack Fonseca, dei såkalla Panama Papers, ifølgje Aftenposten.

I dag er 20 av dei 42 postboksselskapa til familien Høegh framleis i drift, ifølgje avisa.

Ifølgje Leif O. Høegh (52) betalar eigarane rett skatt der dei er busette.

– Det er openbert at vi ikkje gøymer oss bort. Vi brukar eige namn, blir regulert frivillig av kredittilsyn i tre land og rapporterer til styresmakter i dei fleste store finanssentera, opplyser Høegh til avisa.

Dokumenta gir ikkje grunnlag for å seie at Høegh-familien har gjort noko ulovleg.

Panama Papers-lekkasjen omfattar millionar av dokument som omhandlar stråselskap og kontoar i skatteparadis som Fonseca hjelpte mektige og velståande klientar over heile verda til å opprette.

Det internasjonale konsortiet av undersøkjande journalistar, ICIJ, vil offentleggjere dei omstridde papira 9. mai. (©NPK)

Annonse