Annonse
Annonse
Annonse

Norsk olje og gass: – Norske oljeinvesteringar snur i 2017

(NPK-NTB-Kristian Skårdalsmo): Det er venta ein sterk nedgang i oljeinvesteringane på norsk sokkel i år, neste år og i 2017, men etter det ein oppgang i 2018 og 2019, viser prognosane frå Norsk olje og gass.

Annonse

– Det er venta stor nedgang i invisteringar i 2015, 2016 og 2017, sa administrerande direktør i organisasjonen, Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, då han presenterte konjunkturrapporten for 2015 i Oslo onsdag.

– Vi anslår at det snur i 2017 og forventar ein oppgang i investeringane i 2018 og 2019, la han til.

Bransjen er inne i ei vanskeleg tid. I tillegg til svakare investeringar på sokkelen er oljeprisen meir enn halvert det siste halvanna året.

Samanfatninga frå bransjeorganisasjonen er likevel optimistisk:

– Våre konklusjonar er at det er eit stort behov for norsk olje og gass i perioden framover, seier Schjøtt-Pedersen.

Schjøtt-Pedersen streka under at nedgangen i investeringane i Noreg i dag er krevjande for dei som blir råka, men la til:

– På same tid er det viktig å minne om at denne nedgangen kjem etter ein periode med svært sterk vekst. Investeringane blei firedobla i åra 2000– 2014.

Han minte også om at det gigantiske Johan Sverdrup-feltet aleine betyr investeringar på om lag 117 milliardar kroner.

Han strekar under at fallet i oljeprisen berre er ein del av biletet, og at det ikkje var dette som utløyste investeringsnedgangen i Noreg.

– Ei viktig årsak til nedgangen i investeringane er at selskapa går gjennom prosjekta på nytt. Samtidig betyr reduksjonen i kostnader at investeringsnivået framover blir påverka nedover, ganske enkelt fordi kvart enkelt felt treng mindre investeringar, seier han.

Norsk olje og gass er ein interesse- og arbeidsgivarorganisasjon for oljeselskap og leverandørbedrifter. (©NPK)