Norsk redningsskøyte berga 70 migrantar

(NPK-NTB): Redningsskøyta «Peter Henry von Koss» plukka onsdag opp 70 personar i havsnød utanfor den greske øya Lesvos. 18 av dei var småbarn.

Redningsselskapet opplyser på si Facebook-side at redningsaksjonen i Middelhavet var svært dramatisk. Alle migrantane måtte behandlast for nedkjøling.

– Nokre vart plasserte i senga til styrkesjefen om bord, nokre vart plasserte i messa, mens eit barn på to år vart plassert på fanget til kaptein Rune Pedersen, heiter det i meldinga.

Peter Henry von Koss driv redningsarbeid mellom Lesvos og Tyrkia og hjelper i tillegg greske styresmakter med grensekontroll. I førre veke vart det opplyst at skøyta har tatt om bord nesten 2000 personar i havsnød. (©NPK)

Annonse