Klargjør siden...
Annonse
Annonse

Norsk sjømat med solid inngang på 2021

I dei tre første månadane i år vart det selt norsk sjømat i utlandet for 27,7 milliardar kroner. Det er ein verdinedgang på 3 prosent frå i fjor.

Likevel er det det nest beste resultatet i historia i eit første kvartal, viser tal frå Noregs sjømatråd. For mars isolert sett eksporterte Noreg sjømat for 10,9 milliardar kroner. Det er ein verdiauke på 13,5 prosent frå samanlikna med mars i fjor.

– Norsk sjømateksport har totalt sett hatt ein solid inngang på 2021. Det kjem først og fremst av at vi har hatt ein sterk auke i eksportverdien i mars, og då særleg for laks. Takka vere eit rekordhøgt volum er lakseeksporten i mars den høgaste som er registrert i ein enkeltmånad, seier administrerande direktør Renate Larsen i Noregs sjømatråd.

Lakseeksport fot 18 milliardar kroner

Totalt eksporterte Noreg 297.200 tonn laks for 18 milliardar kroner i første kvartal i 2021 og 108.200 tonn laks for 7,2 milliardar kroner i mars åleine.

– Sjølv om koronapandemien held fram med å prege sjømatmarknadene, er det gledeleg at eksportverdien for norsk sjømat aldri har sett ein sterkare mars enn i år. Sjømaten vår er ettertrakta i heile verda, og bak tala står ein tilpassingsdyktig næring med flinke folk i alle ledd, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen (H).

Nedgang for skreien

Samtidig erkjenner Noregs sjømatråd at det framleis er utfordrande tider for delar av sjømatnæringa

– Dette gjeld særleg eksporten av torskeprodukt, som til dømes fersk skrei og klippfisk, seier Renate Larsen.

Det vart eksportert nesten 30.000 tonn torsk første kvartal i år. Av desse var berre 3.900 tonn skrei, noko som vil seie at volumet fall med 17 prosent og verdien med 64 millionar kroner, samanlikna med første kvartal i fjor.

Verdien for eksporten av klippfisk fall med 162 millionar kroner samanlikna med første kvartal i fjor, sjølv om Noreg eksporterte 23.000 tonn til ein verdi av 996 millionar kroner. Noko som er ei volumauke på 4 prosent.

(©NPK)

Lakseeksporten for mars sørgde for det nest beste resultatet nokon gong i eit første kvartal for Norges sjømatnæring. Illustrasjonsfoto: Vidar Ruud / NTB / NPK