Annonse

Norsk skiforslag vedtatt

(NPK-NTB): Forslaget til Norges Skiforbund om at arrangørar av VM nordisk også skal ta på seg å arrangera junior-VM blei samrøystes vedteke på FIS-kongressen i Cancún fredag.

Det er krevjande å arrangera junior-VM, og i framtida vil arrangementet gå i dei same arenaene som senior-VM året før eller eitt av dei første åra etter senior-VM.

Skipresident Erik Røste presenterte forslaget i Mexico.

– Val di Fiemme arrangerte junior-VM 2014, året etter senior-VM i 2013, og det blei ein fantastisk meisterskap for dei beste juniorane våre i hopp, kombinert og langrenn på plass. Med dette forslaget sikrar vi at juniorane får gå i dei beste anlegga og oppleva dei same arenaene som dei beste minst annakvart år, sa mellom anna Røste til forsamlinga.

FIS Council støtta forslaget, og det var ingen som stemde mot. (©NPK)