Klargjør siden...
Annonse

Norsk speidar inn i Europa-leiinga

(NPK-NTB): Eline Marie Grøholt (26) frå Oslo er valt inn i Europa-leiinga til verdsorganisasjonen for jentespeidarar (WAGGGS).

WAGGGS organiserer 10 millionar jentespeidarar i 146 land. Valet skjedde under ein konferanse på Oslofjord Convention Center i Stokke i Vestfold i helga.

– Eg er takknemleg for moglegheita og klar for å begynne på arbeidet. Noreg kan lære mykje av speiding i resten av Europa, seier ho.

Norges KFUK-KFUM-speidere og Norges speiderforbund er vertskap for den 15. europeiske speidarkonferansen, som blir avslutta tysdag. Nesten 550 deltakarar frå heile Europa er til stades. (©NPK)