Klargjør siden...

Norsk sprøytespiss klar for verdslansering

(NPK-NTB): Eit selskap i Lofoten har store ambisjonar med ein ny sprøytespiss som kan revolusjonere tryggleiken og steriliteten i medisinske prosedyrar.

Den nye sprøytetypen, «Luer-Jack», er designa slik at nåla kan koplast til og frå sprøyta med eit klikk, i staden for at ho må bli skrudd av og på. På den måten blir det mindre risiko for å forureine spissen eller stikke seg, skriv Dagens Næringsliv.

Det var legen Christian Mide som fekk ideen til sprøyta og stifta selskapet ConceptoMed i 2012. På nyåret drog Lofoten-selskapet inn 89 millionar kroner i ein emisjon, og styret prisar det no til ein marknadsverdi på 426 millionar.

– Ideen kom i samband med tømming av eit kne. Nåla sat hardt fast, og eg trengde ein frakoblingsmekanisme for å unngå å røre tuppen då eg skulle injisere tilbake eit medikament til kneet. Med «Luer-Jack» løyste vi det problemet, seier Mide til DN.

Produksjonen av sprøyta er i gang, og selskapet har fått på plass patent, godkjenning og distribusjonsavtalar i elleve land, blant andre Noreg. Oslo universitetssjukehus (OUS) gjennomførte ei større vurdering av sprøyta i fjor, og resultatet var lovande:

– Alle var veldig begeistra for produktet. Dei som jobbar med dette, set gjerne eit tjuetalas sprøyter kvar dag under stress, og stikkskadar skjer. Med denne sprøyta unngår ein også forureining med smittestoff, seier Karl Øyri, prosjektleiar ved OUS. (©NPK)

Annonse