Klargjør siden...

Norsk stafettgull i junior-VM

(NPK-NTB): Johannes Høsflot Klæbo smadra konkurrentane på siste etappe og gjekk Noreg inn til gull på langrennsstafetten i junior-VM i Romania fredag.

Stortalentet frå Byåsen gjekk ut på ankeretappen saman med Russlands ankermann Ivan Jakimusjkin, men takka raskt for følget. Allereie etter den første av to rundar hadde Høsflot Klæbo eit halvminutts forsprang i gullkampen.

I mål skilde det 47,7 sekund i Noregs favør. Frankrike tok bronsemedaljane.

Mattis Stenshagen, som tok sølv på ti kilometer i fri teknikk torsdag, opna stafetten for Noreg. Vebjørn Hegdal gjekk andre etappe, etterfølgt av Jan Thomas Jenssen på den tredje.

Etter tre vekslingar var det framleis dødt løp mellom Noreg og Russland.

På siste etappe vart det raskt klart at Høsflot Klæbo hadde meir krefter enn Russlands Jakimusjkin. Sistnemnde vart verdsmeister torsdag.

Høsflot Klæboe tok totalt tre gull i meisterskapen.

Sprintverdsmeister Amalie Håkonsen Ous opna stafetten for Noreg og sende verdsmeisteren frå fem kilometer klassisk stil, Marte Mæhlum Johansen, ut på andre etappe. Tiril Udnes Weng gjekk den tredje etappen og sende tvillingsøster Lotta ut på ankeretappen fem sekund bak leiande Sverige.

Den luka tetta sistnemnde, men i spurten kom ho til kort.

Russland tok bronsemedaljen.

På grunn av mildvêret i Romania vart alle etappar gått i fri teknikk, og lengda på etappane vart korta ned frå 3,3 til 2,5 kilometer. (©NPK)

Annonse