Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Koplinga mellom alkohol og brystkreft er kjent frå før. No viser ein norsk studie at kvinne som røykjer også har auka risiko for å utvikle brystkreft, sjølv om dei ikkje drikk.
npk@npk.no
Publisert: 22.10.2015 kl 08:35
– Vi har tatt for oss eit stort nok tal røykjarar som ikkje drikk, til at vi kan seie at røyking åleine også aukar risikoen, seier professor Inger Torhild Gram til VG. Ho er professor i førebyggjande medisin ved UIT Norges Arktiske Universitet og har leidd ein studie som blir publisert torsdag. Saman med seks andre forskarar har ho analysert data frå nesten 85.000 kvinner i dei amerikanske statane California og Hawaii mellom 1993 og 2010.
Forskarane fann at kvinner som røykjer minst 20 pakkar sigarettar årleg, og har gjort det i meir enn fem år før dei får sitt første barn, har 35– 40 prosent større risiko for brystkreft enn dei som ikkje røykjer.
– Eg var overraska over at det var så lik risiko for brystkreft enten ein drikk eller ikkje. Det ser ut til at effekten av røyking er den same uansett, seier Gram. Også tidlegare har det vore påvist samanheng mellom brystkreft og røyking, men det har vore for få deltakarar som var avhalds, til å slå fast at alkohol ikkje var årsaka til sjukdommen.
Gram håpar no at Verdshelseorganisasjonen oppdaterer lista over røykjerelaterte sjukdommar og inkluderer brystkreft. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.