Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Det norske vikingskipet Draken Harald Hårfagre avsluttar sin Tall Ship-segltur i Green Bay i delstaten Wisconsin etter dei uventa navigatør-avgiftene i USA.
npk@npk.no
Publisert: 05.08.2016 kl 07:45
– Vi er så glade og takknemlege for at vi kom oss heile vegen frå Noreg, over Atlanterhavet, gjennom sjøvegen St. Lawrence og til Dei store sjøar. Det har vore ei moderne vikingsjøreise, skriv ekspedisjonen på sine nettsider.
Trass i at den totale summen vart redusert frå 430.000 til 250.000 dollar – over 2 millioner kroner – fekk ikkje vikingskipet samla inn nok pengar til å betale for den påkravde navigatøren. Interesseorganisasjonen for norskamerikanarar, Sons of Norway, starta ei kronerulling for skipet. Det kom seg deretter frå Bay City til Chicago og vidare til Green Bay, der seglturen no endar. Etter planen skulle Draken sigld vidare til Duluth i Minnesota.
– Der har det skandinaviske samfunnet vore sterkast og mest engasjert i å hjelpe skipet vårt frå starten, og det er ein skuffelse å ikkje kunne segle dit, seier kaptein Björn Ahlander.
Draken Harald Hårfagre, som er det største vikingskipet i verda, la ut frå heimehamna Haugesund 24. april i år. På vegen har det vore innom Island og Grønland. Skipet skal komme til New York i midten av september.
Draken Harald Hårfagre vart sjøsett i 2012 og er bygd med Olav Tryggvasons segnomspunne krigsskip Ormen Lange frå år 999 som mal. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.