Annonse

Norske organisasjonar ber EU presse Noreg til å innføre energidirektiv

23 norske organisasjonar har underteikna eit brev til EU-kommisjonen der dei ber kommisjonen krevje at Noreg innfører eit direktiv om energieffektivisering.

– Vi ser på EU-kommisjonen som vår næraste allierte i arbeidet med energieffektivisering i Noreg, seier seniorrådgivar Bård Baardsen i Norsk varmepumpeforening til Energi og Klima, som først omtalte saka.

Direktivet om energieffektivisering har lege på vent i Noreg i tolv år, ifølgje Energi og Klima.

Inspirert av det omstridde kravet frå EUs energikommissær Kadri Simson om at Noreg innfører EUs fornybardirektiv innan august, har 23 norske bedrifter og organisasjonar no bede om at EU-kommisjonen grip inn og også set ein tidsfrist for innføringa av energieffektiviseringsdirektivet i norsk lov.

EU har tre gonger skjerpa krava til energieffektivisering i bygg sidan det første av dei tre direktiva tredde i kraft i 2012. Men ingen av desse er følgde opp av skiftande regjeringar i Noreg, skriv Energi og Klima.

Både fornybardirektivet og energieffektiviseringsdirektivet er ein del av EUs fjerde energimarknadspakke.

(©NPK)

EUs energikommissær Kadri Simson skapte furore då ho i byrjinga av april sette hardt mot hardt og kravde at Noreg innfører EUs fornybardirektiv. Foto: Cornelius Poppe / NTB