Annonse

Norske pilotar samlar seg i eitt fagforbund

(NPK-NTB): Pilotar frå alle dei store flyselskapa i Noreg etablerte måndag Norsk Pilotforbund, som blir ein del av Parat. Med 1.600 medlemmer blir forbundet det klart største for pilotar i Norden.

Petter Førde, som til dagleg arbeider som kaptein i Widerøe, er valt til leiar. Det var laurdag at Widerøe-pilotane valde å gå inn i Parat etter lang tids diskusjon om kva organisasjon dei skulle høyre til.

– Valet til Widerøe-pilotane opna for etableringa av Norsk Pilotforbund i Parat, noko som for oss var det einaste rette. Det er ingen andre som har den juridiske, internasjonale eller faglege tyngda som vi meiner er nødvendig for å løfte fram sakene våre overfor arbeidsgivarar, politikarar og media i inn- og utland, seier Førde.

I arbeidsutvalet får han med seg Alf W. Hansen frå Norwegian, Trond Solberg frå SAS og Carl Rego frå helikopterselskapet Bristow. (©NPK)