Klargjør siden...

Norske religionsleiarar fordømmer drap på sivile i Midtausten

Leiarforumet i Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn (STL) fordømmer i ei fråsegn drapa på sivile i krigen mellom Hamas og Israel.

– Leiarforumet uttrykkjer vår djupe medkjensle med alle som lid i denne krigen. Vi vil appellere til medmenneskelegdom i møte med denne menneskeskapte katastrofen, skriv dei i ei fråsegn.

Uttalen er signert av høgtståande medlemmer frå mellom anna Den norske kyrkja, Muslimsk Dialognettverk og Det Mosaiske Trossamfund.

Vidare skriv dei at dei er bekymra for at situasjonen i Midtausten vil føre til meir jødehat og muslimhat rundt om i verda.

– Vi ønskjer alle det same. Vi ønskjer ein slutt på drapa. Vi ønskjer fred, heiter det til slutt.

Rundt 1400 israelarar og utanlandske borgarar vart drepne då Hamas gjekk til angrep 7. oktober. Sidan er minst 8000 drepne eller sakna på Gazastripa.

(©NPK)

Annonse