Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Norske selskap har gitt pengar til dronar og militærutstyr som er gitt til den ukrainske hæren. Dronane har ifølgje Veteran Aid Ukraine teke livet av russarar.
Publisert: 30.01.2023 kl 12:21
– Vi har personar i det private næringslivet i Noreg som bidreg med pengar til arbeidet vårt, seier leiar Daniel Viksund i Veteran Aid Ukraine til NRK.
Organisasjonen består mellom anna av veteranar frå det norske Forsvaret, og har sidan den russiske invasjonen i februar i fjor levert dronar og anna materiell som er sponsa av næringslivet i Noreg. Dronane har ifølgje Veteran Aid Ukraine teke livet av mange russiske soldatar.
Viksund var nyleg i Ukraina og leverte utstyr til den ukrainske hæren til fleire millionar kroner. I ein bil disponert av organisasjonen hans var det også ei last med 15 dronar.
– Tre av dronane var svært avanserte og kostbare. Prislappen er på 250.000 kroner per stykk. Det utstyret vi har fått tak i, i Noreg og Skandinavia, er av svært høg kvalitet og utgjer ein stor forskjell i krigen, seier Viksund.
Eitt av dei norske firmaa som har gitt pengar er elektroentreprenørfirmaet AS Watt.
– Det er viktig at næringslivet også bidreg med dette når tidene er som dei er, seier administrasjonsleiar Andreas Kallhovd.
(©NPK)
Ukrainske soldatar sender opp ein drone ved Bakhmut i Donetsk i desember i fjor. Norske firma er blant dei som har donert dronar til den ukrainske hæren, men opphavet til dronen på bildet er ikkje kjent. Foto: LIBKOS / AP / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.