Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Norske Shell og BG Norge skal kutte om lag 140 stillingar i samband med samanslåinga av selskapa.
npk@npk.no
Publisert: 25.05.2016 kl 14:53
Samanslåinga blei godkjent i februar i år, men ein av konsekvensane er altså at talet på stillingar i dei to selskapa skal kuttast kraftig frå dagens 820. Selskapet opplyser i ei pressemelding at dette no blir redusert med om lag 140 stillingar, og at alle tilsette har fått moglegheit til å søkje om sluttpakkar.
– Dette er utfordrande og krevjande for oss alle, men endringane er naudsynte for å sikre vår konkurransekraft. A/S Norske Shell vil framleis vere ein aktiv operatør på norsk sokkel og ha kapasitet til å kunne ta på oss framtidige utfordringar, seier administrerande direktør Tor Arnesen.
Globalt er det tidlegare gjeve signal om at dei såkalla synergiane av samanslåinga vil føre til at 2.800 stillingar blir fjerna. Dette talet er nå oppe i over 5.000 på verdsbasis.
Shell opplyser at tiltaka kjem for å sikre konkurranseevna i ein situasjon der prisen på olje og gass har vore lågare i lengre tid enn venta. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.