Klargjør siden...
Annonse

Norske studentar vann bildesignpris

(NPK-NTB): Eit lag frå Høgskolen i Østfold fekk pris for beste konseptbildesign i ein konkurranse for lågutsleppsbilar i London i helga.

Konkurransen fekk rett nok ikkje den beste starten då døra på konseptbilen Varg fall av under første forsøk i Shell Eco-maraton. Etter kvart klarte bilen likevel å gjennomføre 126 køyrde kilometer på éin liter drivstoff, opplyser Norske Shell i ei pressemelding.

11 studentar har lagt ned rundt 8.000 arbeidstimar på bilen, som går på bioetanol. Også for sju år sidan gjekk designprisen til Østfold.

– Vi hadde spesielt fokus på design i år, og denne prisen var hovudmålet vårt. Vi har fått masse positive tilbakemeldingar og er kjempeglade for at designjuryen også likte arbeidet vårt, seier Fredrik Johannessen. I tillegg til å vere ein av designarane bak Varg, var han sjåfør for laget i konkurransen.

Rino Nilsen er overingeniør ved Høgskolen i Østfold og praktisk rettleiar for studentlaget. Han seier konkurransen er svært nyttig for dei som er med.

– Ikkje berre tar dei med seg ein pokal heim. Prosjektet gjer at studentane får sett teori til praksis gjennom eit tverrfagleg samarbeid.

Laget frå NTNU i Trondheim rauk ut av konkurransen i år utan å få godkjent nokon av forsøka på den nye og meir krevjande testbanen i London. (©NPK)