Klargjør siden...

Norske turistar i sjokk etter skytedrama på Sunny Beach

(NPK-NTB-Hibba Sarmadawy): Dei norske turistane som opplevde skytedramaet på Sunny Beach i Bulgaria onsdag kveld, er framleis i sjokk. Reiseselskapet Apollo har ikkje tilbydd dei oppfølging.

– Vi er rett og slett i fullstendig sjokk alle saman, fortel Lisbeth Stoltz til NTB.

Ho var på restauranten ved Sunny Beach onsdag kveld då fleire væpna menn storma staden og skaut rundt seg under eit narkooppgjer.

Torsdag kom Stoltz heim til Noreg saman med fleire av dei norske turistane som var til stades under hendinga.

– Vi har prata saman, og det var mykje gråt og klemming på flyplassen. Apollo har ikkje kontakta oss sidan vi kom heim, seier ho.

– Dei er alle i god form, men det er klart det er ei skremmande oppleving. Det er svært trist at gjestene våre opplever ei slik hending på ferien sin. Vi er først og fremst glade for at ingen kom fysisk til skade, seier pressekontakt Christine Hafnor i Apollo.

Reiseselskapet har oppmoda turistane til å kontakta forsikringsselskapa sine dersom dei ønsker profesjonell krisehjelp.

– Elles ønskjer vi dei velkomne til å kontakta oss dersom det skulle vera noko meir vi kan bidra med.

Førebels har ikkje Apollo fått nokon avbestillingar til Bulgaria, i samband med hendinga på Sunny Beach.

Annonse