Annonse

Norskeksamen om Facebook-retorikk og språklege verkemiddel

På eksamen i norsk hovudmål fekk elevane spørsmål om Facebook-innlegg og retorikk, medan sidemålseksamenen mellom anna tok for seg språklege verkemiddel.

51.000 elevar og privatistar i vidaregåande skule hadde eksamen i norsk hovudmål torsdag. Rundt halvparten av dei hadde onsdag også eksamen i norsk sidemål.

På langsvarsoppgåva i hovudmål kunne elevane mellom anna velje å drøfte moglegheitene det språklege mangfaldet gir oss. Dei kunne òg velje å tolke ei novelle, samanlikne to dikt med modernistiske trekk eller skrive utforskande om forholdet mellom teknologi og menneske.

Kortsvarsoppgåva i hovudmål - som alle måtte svare på - tok for seg retoriske appellformar på Facebook-sida til Noregs Mållag.

I sidemål dreidde den felles kortsvarsoppgåva om språklege verkemiddel i ein skjønnlitterær tekst.

I langsvaret kunne elevane velje mellom å skrive om norrøn litteratur, drøfte kva naturen har å seie for førestillingane våre om det norske, analyserte eit foredrag av Per Fugelli eller samanlikne eit kjærleiksdikt og ein korttekst med tittelen «Blodspor».

(©NPK)