Klargjør siden...
Annonse

Northug opnar for å trena med landslaget

(NPK-NTB): Petter Northug trur han vil ha utbytte av å trena med Martin Johnsrud Sundby og opnar for eit haust-comeback på landslaget.

Etter å ha gjennomført den siste NM-distansen sin for sesongen opnar Northug og den sportslege leiaren hans, Ole Thonstad, for at 30-åringen vil trena med landslaget i enkelte økter i oppkøyringa til neste sesong.

– Ja, det får vi diskutera. Eg skal snakka litt med Vidar (Løfshus), kanskje her på Beitostølen eller på telefon snart, så skal vi sjå om vi blir einige om noko, seier Northug til Adresseavisen.

– Vil du ha utbytte av å trena med landslaget?

– Ja, det trur eg absolutt. Den beste matchinga får du jo der. Det er der dei sterkaste løparane er. Det er alltid godt å få matcha seg litt mot dei som er på lag.

Den nytilsette herrelandslagssjefen Tor Arne Hetland har vore krystallklar på at døra står open for Northug på treningsøktene til laget, sjølv om han står utanfor opplegget til skiforbundet.

Northug braut ut av landslaget etter VM i Val di Fiemme i 2013. Sidan har han satsa på eiga hand med sitt eige team.

Trønderen enda på andreplass i verdscupen bak suverene Sundby og tok ein 17.-plass i NM på 10 kilometer fri fredag, vel 50 sekund bak vinnar Sundby.

– Eg trudde det skulle bli verre, seier Northug. (©NPK)

Annonse