Nortura opnar for tvangsavvikling i kyllingbransjen
(NPK-NTB): Dersom ikkje fleire enn 100 kyllingbønder ønskjer sluttpakke, kan det bli aktuelt for Nortura å seie opp kontraktar.
På grunn av overproduksjon må Nortura avslutte avtalane med opptil 150 kyllingbønder, ifølgje Nationen. Til no har 100 meldt si interesse for sluttpakker. Det betyr at tvangsavvikling kan bli aktuelt.
– Siste utveg er å seie opp kontraktar. Vi vil tilby rådgjeving og bistand om dei vil endre produksjonen sin. Vi vil unngå tvang, det må vere absolutt siste utveg. Vi har eit godt håp om å klare det utan det, seier informasjonssjef Ellen Flø Skagen i Nortura.
Ifølgje styreleiar Bernt Mikalsen i Norsk Fjørfelag opplever fleire av kyllingprodusentane at dei ikkje har noko val fordi dei har få andre alternativ for drift, og at sluttpakkene er låge.
– Sluttpakkene produsentane får tilbod om dekkjer knapt nok avdraga på lånet dei har for eitt eller to år. Det er ein fortvilt situasjon, seier Mikalsen, men legg til at Nortura ved å tilby sluttpakker, i staden for å seie opp kontraktar, viser at dei prøver å komme produsentane til møtes.
På grunn av blant anna transportkostnadar ønskjer Nortura å sentralisere produksjonen rundt slakteria i Hærland i Østfold, Hå i Rogaland og Elverum i Hedmark. Ifølgje Skagen ønskjer dei derfor først og fremst å kvitte seg med kyllingprodusentar som ligg langt unna. (©NPK)