Klargjør siden...

Norwegian legg ned basar i Stavanger og Trondheim

Flyselskapet Norwegian legg ned basane i Stavanger og Trondheim i april. Det er omtrent 250 tilsette på desse basane.

Fly og stillingar blir flytta til Oslo, og alle tilsette har fått tilbod om å halde fram.

– Det vart konklusjonen. Vi vurderte ulike alternativ, men dette er einaste løysinga som kan gi varig lønnsemd, seier kommunikasjonsdirektør Esben Tuman i Norwegian til E24, som først omtalte saka.

Alle som er ramma direkte, har fått informasjon, ifølgje Tuman. Overfor RA Stavanger seier han at nedlegginga blir sett i verk i april 2025.

Fleire avgangar frå Stavanger og Trondheim vart innstilte onsdag, fordi fortvilte tilsette ikkje var i stand til å fly, skriv NRK.

Sinte tilsette

Arbeidstakarorganisasjonen Parat skriv i ei pressemelding at pilotar og kabintilsette i Norwegian er sinte og protesterer mot nedlegginga til selskapet.

– For mange vil det vere snakk om å måtte flytte til Oslo. Spørsmålet er om heile familien er klar for å flytte og kva konsekvensar det vil få. Nokon får med seg partnar og barn, medan i andre tilfelle må kollegaene våre i Stavanger og Trondheim finne anna arbeid, eller delvis flytte frå familien, seier leiar Rene-Charles Gustavsen i Norwegian kabin.

Ordførarane i både Trondheim og Stavanger seier situasjonen er trist.

– Uakseptabelt

Alf Hansen i Norwegian Pilot Union hevdar at leiinga i Norwegian tilbaud å ikkje leggje ned basane om alle tilsette sa seg villig til å jobbe 18 dagar meir i året, utan ekstra lønn eller annan kompensasjon.

– Dette er heilt uakseptabelt kort tid etter at vi har vorte samde med selskapet om nye tariffavtalar for kabin- og pilot tilsette. Vi opplever at selskapet har bestemt seg for nedlegging og ikkje ønskjer reell dialog.

Streik i USA

Norwegians kommunikasjonsdirektør seier til E24 at han forstår at dette er ein krevjande situasjon for dei tilsette.

– Det er viktig å understreke at alle vil få tilbod om å vere med på dette, men vi forstår at det vil bli krevjande med pendlinga, seier Tuman.

Blant årsakene til auka kostnader er streiken hos flyprodusenten Boeing, som gjer at fleire nye fly ikkje blir leverte til tida, skriv Dagens Næringsliv.

Eit Norwegian-fly tar av frå Oslo lufthamn Gardermoen. Flyselskapet sine basar i Trondheim og Stavanger blir lagt ned.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK

Annonse