Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Norwegian blir medlem i den europeiske bransjeorganisasjonen Airlines for Europe saman med blant andre Ryanair. Eitt mål er å forenkla regelverket til EU for passasjerrettar.
npk@npk.no
Publisert: 25.02.2016 kl 14:54
Sist oppdatert: 25.02.2016 kl 16:57
– Norwegian har alltid vore tilhengjar av konkurranse i luftfarten fordi det vil gje dei reisande billegare billettar og fleire valmoglegheiter. Medlemskapen i Airlines for Europe er viktig fordi alliansen sameinar dei felles utfordringane og moglegheitene til bransjen på tvers av landegrenser og selskap, seier administrerande direktør Bjørn Kjos i Norwegian i ei pressemelding.
Ifølgje Sandaker-Nielsen vil ikkje kundane merka forskjellen direkte, men medlemskapen vil bidra til at selskapa samla kan fremja utfordringar og moglegheiter opp mot styresmaktene i EU.
Han strekar under at medlemskapen i Airlines for Europe er ein form for bransjeorganisasjon heller enn ein allianse for kommersielt samarbeid i tradisjonell forstand.
– Airlines for Europe skal representera alle interessene for europeiske flyselskap. Vi kjem til å få fleire medlemmer framover, og saman vil vi kjempa for å fremja tiltak som aukar konkurransekrafta til flyselskapa, som vil føra til billegare billettar og større valfridom for passasjerane. Eg er glad for å ønskja Norwegian velkommen som medlem, seier Thomas Reynaert i Airlines for Europe.
Den italienske avisa Corriere della Sera skreiv onsdag at flyselskapa berre er detaljar unna ein avtale om eit formelt samarbeid som vil sikra Norwegian fleire kundar.
– Norwegian har hatt samtalar med Ryanair og andre om eit mogleg samarbeid som går ut på at passasjerar på europarutene til konkurrentane kan fly vidare med Norwegian interkontinentalt, opplyste Sandaker-Nielsen til E24 onsdag. (©NPK)