Klargjør siden...
Annonse

Norwegian vurderer andre løysingar enn kontotrekk

(NPK-NTB): Norwegian ser seg om etter nye måtar å krevje inn flyseteavgifta på frå passasjerar som allereie har kjøpt billett. Planane om direkte kontotrekk har møtt massiv kritikk.

Flyselskapet varsla onsdag fleire tusen kundar om at dei ville trekkje 80 kroner i flyseteavgift og moms på 8 kroner direkte frå kortet til passasjerar som allereie hadde kjøpt og betalt billettane før 1. juni.

Torsdag slo selskapet kontra etter kundestorm og refs frå Forbrukarombodet.

– Vi har ikkje trekt noko enno, og vi ser no på om vi kan gi kundane andre måtar å betale avgifta på, seier informasjonssjef Lasse Sandaker Nielsen i Norwegian til E24.

– Vi skal svare på brevet frå ombodet innan fristen og vil kunne seie meir då, seier Lasse Sandaker Nielsen.

Hovudorganisasjonen for bank- og forsikringsbransjen, Finans Norge, seier seg einig i vurderingane frå Forbrukarombodet. Kundane må samtykke før dei kan belastast for avgifta.

– Det må liggje føre ein skriftleg og tydeleg avtale mellom kjøpar og seljar om at eventuelle ekstraomkostningar som måtte kome etter at kjøpet er gjort, kan belastast kunden i etterkant. Ligg det ikkje føre eit slikt samtykke frå kunden, har ikkje flyselskapet høve til å hente pengar frå kontoen til kunden, seier kommunikasjonsdirektør Jan Erik Fåne i Finans Norge til Aftenposten.

– Eg meiner Norwegian må ta støyten for avgifta fordi denne billetten allereie er betalt idet ein har bestilt på nettet og fått ein fast pris. Då kan dei ikkje komme i ettertid og seie at dei vil ha meir, seier Fæhn til TV 2. (©NPK)