Nossum ny landslagstrenar i langrenn

(NPK-NTB): Eirik Myhr Nossum (30) blir ny landslagstrenar i langrenn. Det melder Norges Skiforbund fredag.

Den nye landslagstrenaren skal jobbe med begge herrelaga og kjem til jobbe tett med begge herretrenarane. Ifølgje Skiforbundet kjem 30-åringen til å jobbe tettast på utøvarar frå Austlandet.

– Dette er ei kjempemoglegheit for meg, og eg gleder meg veldig til å komme i gang. Eg ønskjer å bidra til at Noreg framleis skal vere den beste langrennsnasjonen i verda framover, seier Nossum i pressemeldinga frå Skiforbundet.

Han har gått gradene i langrennssporten dei siste ti åra, og dei siste to åra har han blant anna vore sentral i Lyn Ski. Nossum har aldri før vore landslagstrenar, men har vore smørjar, servicemann, trenar, hovudtrenar, sportsleg leiar og dagleg leiar for utøvarar, team og klubb.

Landslagssjef Vidar Løfshus er glad for å ha Nossum på plass i det som er ei nyopprettet trenarstilling.

– Vi kjenner Eirik frå tidlegare. Han har vore med oss på fleire verdscuprenn og gjort eit godt inntrykk. Både utdanninga og kompetansen hans er solid. Vi trur at han kan bli ein fin tilvekst i trenarteamet, seier han. (©NPK)

Annonse