NRK: Bell 412-helikoptera blir samla på Rygge

(NPK-NTB): Regjeringa foreslår å flytte Luftforsvarets 339-skvadron med Bell 412-helikoptera frå Bardufoss til Rygge flystasjon, melder NRK.

Regjeringa legg fram sin langtidsplan for forsvaret klokka 12 fredag, men ifølgje NRKs opplysningar følgjer regjeringa forsvarssjefens fagmilitære råd om å flytte transporthelikoptera til Rygge.

Regjeringa meiner flyttinga vil styrke beredskapen i landet og den operative evna til spesialstyrkane. Ifølgje NRK tilrår regjeringa dessutan å vidareføre Luftforsvars-leiinga og Forsvarets støttesenter for elektronisk krigføring på Rygge. (©NPK)