NRK Dagsnytt fyller 90 år

Måndag feirar NRKs nyheitsprogram Dagsnytt 90-årsdag med direktesendingar frå Oslo sentrum.

Den første sendinga gjekk på lufta 1. juli 1934. Måndag fyller programmet 90 år.

– «Dagsnytt» er framleis ein berebjelke i NRKs tilbod, så dette er ein stor dag, seier Vibeke Fürst Haugen, kringkastingssjef i NRK.

På grunn av jubileet, sender «Dagsnytt» direkte frå musikkpaviljongen i Studenterlunden i Oslo sentrum, skriv NRK i ei pressemelding.

Programleiarane Jon Branæs, Vidar Eidhammer og Tone Nordahl er på plass for å sende nyheiter og for å treffe publikum kl. 11.00, 12.00 og 13.00 måndag.

«Dagsnytt» leverer nyheiter kvar heile time gjennom heile døgnet, alle dagar i året.

– «Dagsnytt» er ein vital nittiåring som appellerer breitt til det norske folket, seier Knut Magnus Berge, nyheitsredaktør i NRK.

Midt på natta, klokka 3, har programmet nesten 50.000 lyttarar. Det svarer til to gonger kapasiteten på Ullevaal stadion.

Flest lyttarar har den ti minutt lange sendinga kl. 07.30. Då er det om lag halv million som får med seg sendinga på radio og TV. På kvardagane er det over 1,3 millionar som følgjer med på programmet.

(©NPK)

Programleiar Jon Branæs leier sendinga av NRK Dagsnytt frå Studenterlunden under markeringa av 90-årsjubileum til sendinga.
Foto: Amanda Pedersen Giske / NTB

Dagsnytt har flest sendingar klokka 7.30 på morgonen.
Foto: Javad Parsa / NTB

Dei første sendingane til programmet gjekk i 1934.
Foto: Javad Parsa / NTB

Sendingane går i Oslo sentrum for anledninga.
Foto: Amanda Pedersen Giske / NTB

Annonse