Klargjør siden...

NRK-gransking vil ta «nokre veker»

(NPK-NTB): Det vil ta «nokre veker» å slå fast om Geir Selvik Malthe-Sørenssen har juksa med kjelder og dokumentasjon i sine år i NRK, seier etikkredaktør Per Arne Kalbakk.

– Med granskingar som denne, så tar ein den tida ein treng. Eg reknar med at vi vil bruke nokre veker på å gå gjennom desse prosjekta som strekker seg frå 2010 til 2015, seier Kalbakk til NTB.

Privatetterforskar, journalist og forfattar Geir Selvik Malthe-Sørenssen (50) har dei siste fem åra skulda politiet for bevisjuks og forfalskingar i Treholt-saken.

Sist fredag hevda VG at han sjølv har juksa ved å lure spiondømte Arne Treholt og hans advokat Harald Stabell til å tru at han har hatt ei hemmeleg kjelde som skal ha tilgang til viktige bevis i den same saka.

– Det som er blitt avdekt, at ein bruktbilseljar har utgitt seg for å vere etterretningskjelde, er nesten bortanfor alle fantasiar, seier Kalbakk.

Malthe-Sørenssen fekk i åra i NRK utbetalt minst 255.000 kroner. Ifølge NRKs arkivar har han jobba som researcher i NRK Brennpunkt. Kalbakk opplyser at Malthe-Sørenssen har vore leigd inn som frilansar. (©NPK)

Annonse