Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Metanolforgifting var likevel ikkje årsaka til at fleire personar vart lagt inn på Sørlandet sjukehus, viser testanalysar måndag. Politiet etterforskar saka.
uvakt@ntb.no/kjell.asmund.sunde@npk.no
Publisert: 26.07.2022 kl 07:24
Prøvene, som vart analyserte i Oslo måndag kveld, viser at dei innlagde ikkje er metanolforgifta, opplyser overlege Knut Erik Hovda ved Ullevål sjukehus til NRK.
Årsaka til forgiftingane er så langt ukjend, og politiet etterforskar saka.
Søndag kveld vart færre enn fem personar frå Lindesnesregionen lagt inn på sjukehus med mistanke om metanolforgifting. Fungerande ordførar Svein Jarle Haugland (KrF) i Lindesnes bad folk ikkje drikke sprit eller alkohol dei ikkje kjenner innhaldet av.
(©NPK)