NRK: Politiet vil tiltale Trude Drevland

(NPK-NTB): Politiet ber statsadvokaten tiltale tidlegare ordførar i Bergen Trude Drevland (H) og hamnedirektør Inge Tangerås for grov korrupsjon, etter det NRK erfarer.

Politiet har avslutta etterforskinga si i saka og har sendt innstillinga si til statsadvokaten i Hordaland.

Politiet vil ikkje kommentere innhaldet i innstillinga, men etter det NRK kjenner til, ber politiet om tiltale for grov korrupsjon for Drevland og Tangerås.

Samtidig vil politiet fråfalle siktinga mot cruiseskipsreiar Torstein Hagen.

I mai vart det kjent at korrupsjonsetterforskinga var forseinka, da helikopterstyrten på Turøy kravde så store politiressursar at det gjekk ut over etterforskinga av den tidlegare ordføraren.

Drevland takka dessutan ja til eit vekelangt cruise med skipet, men avlyste seinare båtturen. Ho skal òg ha bedt næringsminister og tidlegare Bergens-byråd Monica Mæland (H) om å endre regelverket slik at skipet kunne registrerast i Norsk internasjonalt skipsregister.

Trude Drevland var ordførar i Bergen frå 2011 til ho tok permisjon frå vervet i august i fjor.

Den tidlegare ordføraren gir ut bok til hausten. Ifølgje forlagsdirektør Kari J. Speldnæs skal Drevland og Aschehoug ha hatt kontakt om boka i eit par år. (©NPK)

Annonse