Annonse

NRK: Rundt 100 mistar jobben i Kleven verft

Kleven verft i Ulsteinvik i Møre og Romsdal kuttar staben med rundt 100 av dei 244 tilsette for å halde liv i selskapet.

Ifølgje NRK har nedbemanninga allereie gått føre seg ei stund, og når prosessen er over vil det vere 100 færre tilsette ved verftet.

På ein pressekonferanse fredag sa leiinga i selskapet at alternativet til å seie opp tilsette var å avvikle heile selskapet.

- Restruktureringa av Kleven Verft AS er fullførte, og «Nye Kleven» er no etablert. Det nye firmaet har fått starthjelp frå fleire hald, i tillegg til kontraktar som sikrar drift i verftet ut 2020, seier selskapet i ei pressemelding.

Hurtigruten ønsker å selje seg ut av Kleven Verft, men blir sitjande som eigar inntil ei langsiktig løysing er på plass.

- Ikkje noko vi gjer med lett hjarte

Det tradisjonsrike verftet i Ulsteinvik har dei siste åra slite tungt økonomisk. Ifølgje Dagens Næringsliv har underskotet på fire år antakeleg passert éin milliard kroner.

Gjennom året vil verftet ferdigstille ekspedisjonsskipet MS Fridtjof Nansen for Hurtigruten. Etter at skipet er levert vil det bli mindre aktivitet ved verftet, og det er grunnen til at dei no kuttar tilsette.

- Det å nedbemanne er ikkje noko vi gjer med lett hjarte, men det er eit heilt avgjerande tiltak for at verftet skal kunne ha vidare drift. Det blir hard jobbing framover, og alle må ha eit ekstremt fokus på kostnader. Vi har ingen garanti for framtida, sjølv om vi har godt tru på framleis drift etter 2020, seier administrerande direktør Kjetil Bollestad i pressemeldinga.

Ifølgje NRK reagerte tilsette med applaus då dei fekk nyheita fredag, sjølv om mange av dei kjem til å miste jobben.

- Dette er ei veldig god løysing for dei tilsette som skal halde her fram. Det vil sjølvsagt innebere større nedbemanningar, men slik eg ser det, er dette ei moglegheit for at vi framleis skal kunne bygge skip her på Kleven, seier Gustav Hasund som jobbar på verftet.

Satsar på andre oppdrag

Satsingsområdet til Nye Kleven er å bygge nye skip, men i ein periode framover vil verftet òg satse på andre typar oppdrag med lågare økonomisk risiko. Dei ser no på oppdrag som ombyggingar, service- og vedlikehaldsoppdrag og ulike røyr- og stålarbeid, opplyser selskapet.

Nye Kleven skal i tida som kjem, bygge om ein fisketrålar for Nordnesgruppen. Saman med Fosen Yards er dei òg i samtalar med Hurtigruten om ombyggingar og oppgraderingar av fleire Hurtigruten-skip dei neste 12 til 16 månadene.

(©NPK)

Kleven verft leverte tidlegare i år ekspedisjonsskipet MS Roald Amundsen til Hurtigruten. Ved nyttår leverer verftet det identiske søsterskipet MS Fridtjof Nansen, men etter det blir det mindre å gjere for verftet. Foto: Halvard Alvik / NTB scanpix