Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Alle renna i Ski Tour Canada blir sende meir eller mindre i beste sendetid på NRK.
npk@npk.no
Publisert: 29.02.2016 kl 10:11
– Alt blir sendt med unntak av prologane i sprint, som ikkje blir produserte. Ski Tour Canada er noko nytt. Vi ser på dette som ein happening, og samtidig er det sportsleg svært interessant. På toppen av det heile går det inn i miksen saman med VM i skiskyting, seier NRK-sportens redaksjonssjef, Håkon Grønbech til NTB.
NRK tar i bruk både NRK1 og NRK2 for å lose sendingane i hamn.
– Eg har sett på oversikta, og det blir nok ei vekting mot NRK1. Det som skjer, det skjer hovudsakleg med start mellom kl. 18 og 22 om kvelden, seier Grønbech. (©NPK)