NRK vurderer fleire sider av Bamsegutt-serien – varslar avgjerd i løpet av veka

NRK må gjere ei grundig vurdering av heile innhaldet i serien «Ingen elskar Bamsegutt» før den eventuelt kjem tilbake, opplyser NRKs distriktsdirektør.

Annonse

– Vi ser både på korleis vi skal kunne inkludere historia om denne dommen frå 1991 i serien på ein god måte, men også om det er andre tema i serien og annan tematikk som vi må vurdere på nytt, sa distriktsdirektør Marius Lillelien i Dagsrevyen måndag kveld.

NRK har erkjent å ha gjort feil då kanalen valde å utelate informasjon om at hovudpersonen i serien vart dømd i ei sedelegheitssak i 1991. Serien er trekt tilbake inntil vidare.
– Det handlar om at vi må finne ein god måte å inkludere historia om denne dommen på. Men vi må også gjere nye vurderingar i lys av at det har vorte ei kraftig merksemd rundt denne serien og dommen, seier Lillelien.

Varslar avgjerd i løpet av veka

Lillelien påpeikar at konteksten på mange måtar er endra.

– Vi må gjere nye vurderingar også av anna innhald i serien, seier han.

Han varslar at ei avgjerd truleg kjem i løpet av veka.

– Vi skal gjere grundige og gode vurderingar av det. Men i løpet av denne veka så må vi jo ha komme til ein konklusjon. Det er i alle fall målet vårt, seier han.

Han trur det er mogleg å gjenopprette tilliten etter feilvurderingane.

– Eg trur mange har vorte skuffa over oss i denne saka. Og det må vi handtere. Og då må vi gripe inn raskt. Og så må vi rette opp den feilen, seier NRK-direktøren.

Fleire klagar

Serien handlar om ein ufør mann i 60-åra som flytta til Filippinane for ti år sidan, og som slit med å komme seg tilbake til Noreg. Kringkastingsrådet har fått ei rekke klager om serien, og han er også klaga inn til Pressens Faglige Utvalg (PFU).

I Dagsnytt 18 på NRK måndag sa NRKs etikkredaktør Per Arne Kalbakk at det er fleire ting som må gjerast før dokumentaren får komme tilbake på lufta. Mellom anna at dei skal vurdere varetakinga til sonen nærare:

– Situasjonen for sonen til hovudpersonen er ein annan no enn slik vi vurderte då vi publiserte, sa han, ifølgje VG.

(©NPK)

– Eg trur mange har vorte skuffa over oss i denne saka. Og det må vi handtere, seier NRKs distriktsdirektør Marius Lillelien. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK

Annonse