Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Passasjervekst både i tog- og bussverksemda til NSB fører til pene tal etter dei første fire månadane i år. Heile 800.000 fleire togreiser vart gjennomført i første tertial i år enn i same periode i fjor.
npk@npk.no
Publisert: 02.06.2016 kl 11:35
– Auka passasjerinntekter og gode resultat frå alle verksemdene bidrar til endå eit sterkt tertialresultat, seier konsernsjef Geir Isaksen i NSB i ei pressemelding.
NSB-konsernet hadde 4.995 millionar kroner i driftsinntekter i dei første fire månadane, opp frå 4.935 millionar i første tertial i 2015.
– Vi er inne i ei stor oppgradering og utviding av NSBs togpark. Vi har hittil fått 75 av totalt 125 nye lokal- og regiontog som vi har som mål å kjøpe innan 2020. Det er nødvendig for å erstatte gamle tog som skal ut av drift. Det gir oss samtidig auka kapasitet til å møte den sterke veksten i talet på passasjerar, seier Isaksen.
I dei fire første månadane i år vart det 23,1 millionar togreiser med NSB. Det er 800.000 fleire enn i same periode i 2015. Også bussektoren opplevde passasjervekst med 41 millionar reiser i første tertial i år, mot 38 millionar i same periode i fjor.
Konsernsjef Isaksen er spesielt nøgd med at heile 74 prosent seier dei er nøgde med persontogverksemda, noko som er det høgste talet for NSB nokosinne. Også omdømmemålingane peikar i same retning. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.