Klargjør siden...
Annonse

NVE: For lite å hente på å byggje ut verna vassdrag

Medan fleire politikarar blir stridde om det bør opnast for å byggje ut i verna vassdrag, meiner NVE at gevinsten er liten.

– Vi vurderer ikkje potensialet i verna vassdrag til å vere så stort. Vi trur det dreier seg om nokre få terawattimar. Det kan vere nokre prosjekt der, men det er ikkje det som kjem til å monne, seier Inga Nordberg, direktør for energi- og konsesjonsavdelinga i NVE, til NRK.

Det er behovet for meir kraft som har fått fleire politikarar til å rette søkjelyset mot verneplanane. Både Frp og Senterpartiet har opna opp for at ein i alle fall burde gå gjennom verneplanane, og no er både Høgre og Arbeidarpartiet interesserte i å gjere det same.

Seinast onsdag svarte statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) i spørjetimen på eit spørsmål frå Rasmus Hansson i MDG at vassdragsvernet skal liggje fast, men opna samtidig for at flaumtematikk og flaumvern kunne opne for at det var nødvendig å sjå på moglegheitene.

NVE på si side meiner at det er mykje å hente på å mellom anna jobbe veldig effektivt med energieffektivisering.

(©NPK)

Medan fleire politikarar leikar med tanken på å byggje ut verna vassdrag for å skaffe meir elektrisk kraft, meiner NVE at det er meir å hente på energieffektivisering. Illustrasjonsfoto: Tor Erik Schrøder / NTB / NPK