Annonse

NVE med samla liste over innmelde kraftprosjekt i Finnmark

Torsdag legg Noregs vassdrags- og energidirektorat fram ei liste over nye kraftprosjekt i Finnmark. For å spare tid skal prosjekta behandlast samtidig.

I fjor bad regjeringa NVE om å prioritere konsesjonsbehandling av kraftprosjekt i Finnmark. Sist haust hadde NVE derfor møte med ei rekke aktørar for å få innspel til korleis behandlinga bør gjennomførast i åra framover.

– Basert på desse innspela har NVE lagt opp til ei felles behandling i staden for å behandle sakene enkeltvis, skriv NVE i ei pressemelding.

Kraftprodusentar som vil vere ein del av den samla behandlinga, vart bedne om å sende inn dei formelle meldingane sine om ny kraftproduksjon i Finnmark innan 22. april i år.

– Avgrensa kapasitet i straumnettet gjer at det berre er mogleg å byggje nokre få nye kraftprosjekt i fylket. Derfor vil NVE så tidleg som mogleg prioritere kva prosjekt som skal sendast på høyring og behandlast i denne runden, heiter det vidare.

Torsdag morgon legg NVE fram ei fullstendig oversikt over dei kraftprosjekta i Finnmark som vart melde inn før fristen. Same dagen skal det haldast eit informasjonsmøte som er ope for alle. Her skal det også informerast om prosessen vidare.

Målet er å sende meldingane på høyring i løpet av hausten. I den første høyringsrunden er hovudmålet å få innspel til kva tema som bør greiast ut nærare i prosjektsøknadene. Her sit både lokalbefolkning, organisasjonar og styresmakter med avgjerande kunnskap, opplyste NVE i januar.

Regjeringa har som mål å få ny kraftproduksjon på nett innan 2030.

(©NPK)