Ny arrestbølgje mot Erdogan-motstandarar

(NPK-NTB-Reuters): Politiet i Tyrkia har arrestert nesten 100 personar som blir skulda for å ha finansielle band til predikanten Fethullah Gulen, som er ein markert motstandar av president Recep Tayyip Erdogan.

Det statlege nyheitsbyrået Anadolu melder at det er sendt ut arrestordre på 140 personar, og så langt er 88 henta inn. Fleire av dei arresterte jobbar for den islamske banken Asya. Banken er grunnlagt av Gulen, men vart beslaglagt av styresmaktene i fjor. No etterforskar styresmaktene økonomisk støtte til Gulens gruppe på 150 millionar lira (rundt 145 millionar kroner).

Regjeringa skuldar Gulen, som bur i eksil i USA, for kuppforsøk og har stempla organisasjonen hans, Hizmet, som ein terrororganisasjon. Gulen og følgjarane hans, som blant anna driv skular og aviser, avviser skuldingane. Han var tidlegare blant Erdogans allierte, men har levd i sjølvvalt eksil sidan 1999. I 2013 sende ein tyrkisk domstol ut ein arrestordre mot Gulen, og sidan har det vore ei rekkje aksjonar mot personar i Tyrkia som blir knytt til Hizmet. (©NPK)

Annonse