Annonse

Ny arrestordre mot kjend tyrkisk journalist

Ein tyrkisk domstol har ferda ut ny arrestordre på den prominente journalisten og forfattaren Ahmet Altan, åtte dagar etter at han vart sett fri frå fengsel.

Ifølgje det tyrkiske nyheitsbyrået Anadolu vart arrestordren ferda ut etter at statsadvokaten i Istanbul anka frifinninga av Altan.

Den 69 år gamle Ahmet Altan vart sett fri 4. november etter å ha sete over tre år i fengsel.

Til liks med fleire andre pressefolk og intellektuelle vart han arrestert etter at president Recep Tayyip Erdogan byrja å slå ned på meiningsmotstandarar i kjølvatnet av kuppforsøket sommaren 2016.

I 2018 vart han dømd til livsvarig fengsel for å ha hjelpt ei terrorgruppe, men i sommar vart dommen oppheva av ein ankedomstol. Altan har konsekvent nekta å ha hatt noko med kuppforsøket å gjere og meiner skuldingane er groteske.

Altan arbeidde i den opposisjonsvennlege avisa Taraf, som no er stengd og lagd ned av styresmaktene.

(©NPK)

Styresmaktene i Tyrkia har ferda ut ny arrestordre på den tyrkiske journalisten og forfattaren Ahmet Altan, som vart sett fri frå fengsel i førre veke. Bildet er frå då Altan var på noregsbesøk i 2004. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix