Annonse

Ny brann i planlagt asylmottak i Sverige

(NPK-NTB-TT): Natt til torsdag brann det i endå eit planlagt asylmottak i Sverige. Denne gongen var det ein nedlagt eldreheim i Perstorp kommune i Skåne som vart ramma.

Det er femte gong på ei dryg veke at eit eksisterande eller planlagt asylmottak i Sverige brenn. Politiet mistenkjer at fleire av brannane er påtent, noko som også er tilfellet for brannen i Perstorp.

– Vi mistenkjer at han er påtent. Men dette er førebelse mistankar som kan bli endra etter dei tekniske undersøkingane, seier Mikael Lindh i region syd i politiet.

Han fortel at det er bebuarar i området som har opplyst at den brennande bygninga skulle bli asylmottak. Desse opplysningane får Skånska Dagbladet bekrefta av SOS alarm.

– Det var nok ikkje snakk om nokon større brann. Slik eg forstår det står bygget framleis. Men det har brent, og teikn på plassen gjer at vi mistenkjer at brannen er påtent, seier Lindh til Aftonbladet.

– Derfor er det mykje som tyder på at brannen var påtent, seier han.

Den tidlegare eldreheimen skal ikkje ha fått omfattande skadar av brannen. Men då dei første brannmennene kom til staden, brann det både i kjellaren og første etasje, og heile bygget var fylt av røyk. (©NPK)

Annonse